Kunstnarhuset Messen er eit kunstnarsenter i hjartet av Hardanger. Messen ligg i bygda Ålvik, ved Hardangerfjorden.
Hardangerregionen har ein rik kulturell tradisjon og er kjend for det vakre landskapet.
Messen vart bygd i 1918 som administrasjonsbygg for den tidlegare lokale metallindustri verksemda Bjølvefossen.
Kunstnarhuset Messen består av eit bygg i tre etasjar, kvar på ca. 420 kvadratmeter. I tilegg disponerer me kjellarlokale, loft og ein tilhøyrande stor hage. Bygningen er svært romsleg, og med ein særprega atmosfære.
Kunstnarsenteret tilbyr gjestekunstnaropphald for norske og internasjonale kunstnarar frå alle kunstdisiplinar.
I Kunstnarhuset kan ein bu og arbeide saman med andre gjestekunstnarar og kunstnarar frå regionen som har sin arbeidsplass i huset. Det er for tida 7 kunstnarar frå regionen som arbeider her, og me har opp til 5 gjester buande på same tid.
Gjestekunstnaropphald kan vare opp til 3 månader.
Me har også vertskap i huset, begge kunstnarar, som bur og arbeider i huset.
Kunstnarhuset Messen har hatt støtte frå av Norsk Kulturråd, dei sju Hardanger kommunane og Hordaland Fylkeskommune.
Nettside til Kunstnarhuset Messen: